151 Visninger |  Lik

Litteraturfest Røros: SPRÅKMORO m/ Linda Eide og Sjur Hjeltnes

Fredag 27.august kl. 20.30, Falkbergetsalen

Billetter: Kr. 350,- voksen, kr. 250,- student. (ekskl. avgift).

KJØP BILLETT

Under parolen språk er sjov! Gyv Linda Eide laus på språklege fenomen, kuriositetar og historier. Ho hyllar og herjar med vår språklege kvardag, og byr inn til språkleg påfyll i ei hyggeleg og eksamensfri atmosfære!

Og fyller gjerne på med eit artut utrykk frå Røros, så klart.

Pianist og komikar Sjur Hjeltnes sørgjer for musikalsk og verbal bækking av ypparste slag.

Linda Eide er NRK-journalist, forfattar, fjernsynsforteljar, og kåsør i radio og på scene, kjent frå fjernsynsseriar som Norsk attraksjon og SMÆSJ.  Og ikkje minst, dei siste åra: Eides språksjov, som etter to sesongar rykka opp til laurdagsunderhalding på NRK1. Eides språksjov er eit eigenutvikla konsept, og noko så skjeldant som eit underhaldande folkeopplysnings-program om språk, med gjester, musikk, språkreglar og språkuriosa i skjønn foreining.

Eide har mottatt fleire prisar for  journalistikken sin, bla.a. Kultur-departementet sin nynorskpris for journalistar og Gullruten for beste programleiar i 2012 og for beste reportasje 1997. Ho har gitt ut bøker i ulike sjangrar. Og i 2018 hadde teaterframsyning, Oppdrag Mottro, basert på hennar eige bok, premier på Det Vestnorske teateret, i Bergen. I 2014 skreiv og framførte ho framsyninga 200 år på 2 timar, saman med Sjur Hjeltnes. Framsyninga, som også er vist i NRK, er ein gjennomgang av norsk historie, frå 1814 til 2014.