1832 Visninger |  Lik

Litteraturfest Røros: «ARE KALVØ – TOPPAR VG-LISTA»

Torsdag 15. september kl. 19.00 Falkbergetsalen


Billetter: Ordinær 470,-  + avg //  Gruppe (10 eller flere) 445,- + avg // Student 400,- + avg. // kampanje 300,- + avg

KJØP BILLETTER HER

Det Norske Teatret, Teater Vestland og Stand Up Norge presenterer:
«ARE KALVØ – TOPPAR VG-LISTA»
Av og med Are Kalvø
Regi: Erik Ulfsby

Om popmusikken og meininga med livet.

Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas?

Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det.
Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet.

Såpass må det vere. «Toppar VG-lista» handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans.

Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø. På turné med Stand Up Norge.
Etter forestillingen kan man treffe Are Kalvø og få boken «Toppar VG-lista» signert med personlig hilsen.

Musiker: Ståle Sletner
Sangerinne: Benedicte Søreng

Forestillingen varer i ca. 90 minutter – uten pause